Thursday, January 25, 2007

Nytt fra Ecudador?

Har funne ut nok ein gong at blogg ikkje er noko for meg. Sidan eg ikkje har oppdatert bloggen min paa ei stund fann eg endeleg ut at det var paa tide med ei ordentleg, kraftig oppdatering med bilete og samendrag av det meste. Saa der sat eg no paa ein internettkafé i Cuenca, fornoegd med at eg endeleg hadde taalmod nok til aa sitja ned aa skrive. Etter ein time hadde eg sett inn ein del bilete, men daa eg ikkje fekk til fleire bestemte eg meg for aa poste bloggen....Joda....hadde vore kult det hadde det faktisk gaatt, men akkurat daa hengte heile dataen seg opp og alt eg hadde sete med der i ein time vart sletta. Det var dei bileta...
Hadde bildo fraa jungelturen (var paa jungelferie i jula)og skreve masse om heile turen. No veit e ikkje om e gidd aa skrive meir om jungelturen og setje inn bilde sidan det byrjar aa bli ei stund sidan me var i jungelen...

Tenk, men har alt vore i dette fantastiske landet i tre maanadar, og no set me kursen for Quito. Ann Kristin og eg maatte ta farvel med alle elevane og laerarane paa skulen i dag. For min del var det verst aa ta farvel med ungane, for har faktisk vorte glad i dei etter desse to maanadane paa Mushuk Kawsay i Tambo...saa det var med taarevaate auge at me forlot skulen.


Ok, saa her kjem nokre bilete fraa jungelturen likevel, de maa jo faa sjaa kor fint det var!!!!! (Det er julebileta eg ikkje gidd poste denna gongen)


Pañacocha, vaar kjaere soveplass i to netter


Papegoeyer saag me óg...


Foer me kom oss inn i den virkelege jungelen var det tur paa pick-up planet fraa byen Tena til landsbyen Misahualli.



Ekte jungelsminke, vil du ha lepestift som varer? Jungelen har det!!

Saa skulle det ha kome fleire bilete, men dette faar vera ein smakebit....
Optimisten Kari haapar paa aa faa oppdatert bloggen litt betre i storbyen Quito...
Fortsettelse foelger

Monday, November 20, 2006



Dette er altsaa eit bilete fraa Cuenca, byen me har vore i i akkurat tre veker og to dagar.
Tidsbegrepet har forandra seg litt her. Det kjennest ut som om me har vore borte fraa Norge kjemepelenge, men samtidig saa har tida her gaatt fort. Det er saa utruleg mange inntrykk at det gaar ikkje an aa beskrive alle. Dessutan er det noko begrensa kva ein faar vist bilete av naar ein ikkje har digitalkamera. Saa dei bileta eg faar sett inn no er berre bilete som eg faar tak i paa internett.



Dette er eit vanleg dagleg bilete i gatene her i Cuenca. Chola Cuencana blir dei nasjonale kalla, indianerdamene her i Cuenca. Alle har skjoert i fine farger, raudt, rosa, blaatt, lilla, ja, alle livlege farger du kan tenke deg. Og alle skjoerta har fine border. Kor breie bordene er viser visst kor velstaande du er.

Elles er livet her i Ecuador ganske slitsomt. Hadde aldri forestilt meg at du kan bli saa trott berre av aa prate og hoeyre eit nytt spraak heile tida. Sjeolv om eg nyt det, og merkar at det gaar framover med spraaket, saa blir eg likevel sliten.
- mamma, du ville bli heilt overraska over doegnrytma mi her, til sengs i halv ti-tida, og opp i seks-tida!!-

Haapar paa litt meir regelmessige oppdateringar fraa no av, og kanskje med litt meir personlege bilete:P

Wednesday, October 25, 2006

Husvask



No driv me å vaska heile internatet, noko som æ utrule artigt...ehm... æ i grunn ganske gørr, men dæ må vel te sia me ska byte internat og rom ette at me kjæm att frå Ecuador (og Mali-teamet som me har budd mæ kjæm tebake frå Mali). I tillegg ska GUS kunne bruke internata så dæ bør vel sjå respektabelt ut, dæ æ berre dæ at akkurat no så æ dæ'kji dæ e har lyst te...men vaksing har'n vøl alder lyst te:P



I tillegg æ dæ all pakkinge. E planlegg alltid så god tid; fysst må'n skrive list over dæ'n ska ha mæ se, så æ dæ å finne te alt detta før så å fordele dæ i koffert og sekk.

Men...så æ dæ å gjennomføre planen...lista vart dæ ikkji mykji tå denna gønge, dæ å sortere kleudn vart heldan ikkji gjort og førdelinge æ'kji berre enkel... Ko har skjedd? E brukte vera så organisert når dæ gjeld pakking! Uansett blir dæ gjort, no gleda e me berre te å få heile rommet(innhaldet,vel å merke) ned i kjeldarbue og koffertan i bilen.

Sunday, October 22, 2006

No nærmar verden seg fort...


Tok til med pakkinga i dag, og det har faktisk gått opp for meg at...shit!!! me reiser om under ei veke!!! Kjendte det på fredag då me køyrde forbi Gardermoen på veg mot praksisen på Schmukk på Sørumsand... Kjende det suget i maget som du får når du tek ein ekstra rask berg-og dalbane... det suget som kjem når du er på veg nedover, rett før du når botten. Men det var ikkje eit gruelses-sug, men eit gledes-sug:D
Då me køyrde til GUS i august var det nesten litt rart å ikkje ta fly til skulen...det har jo nesten vorte ein vane...Men no skal eg endeleg få sita på flyet att. Det er så fredeleg å fly for du veit at du kan ikkje koma nokon annan stad så det er ikkje noko poeng i å stresse, flyet kjem fram når det kjem fram og imens kan du ikkje gjera noko anna enn å slappe av. Jippi!!! Eg gledar meg:)

Thursday, October 19, 2006

Har fått blogg e mæ

Etter lang tid å ha tenkt at blog æ'kji noko for me sia e'kji klara å oppdatere sleke ting, har e gitt ette før presset...