Ny plass, nye venner, nye tankar...nytt fokus(?)...
Las gjennom diverse bloggar her i dag, mange frå GUS, og fann ut at eg har jo eigentleg ikkje skreve noko om det viktigaste. Alt som har kome med på bloggen har vore opplevingar, som i seg sjølv er spennande, og då spesielt frå Ecuador.
Men kva var grunnen til at eg havna i Ecuador? Kva er grunnen til at eg er i Kristiansand no, eller at eg har vore i USA?
Det meste har gått sin gang fordi eg tilfeldigvis har kome over annonser (bibelskulen) eller personar eller rett og slett studium som berre dukka opp på samordnaopptak (oversetting).
Men det er ingengting av dette som er tilfeldig, alt har vore, og er, ein overordna plan som Gud på førehand har lagt.
Det er så lett å misse fokus å gløyme det viktigaste, og så kjem dess augneblikka der du får aha-opplevelsar på nytt og på nytt. Du blir minna på kva Jesus har gjort for deg og kva du har sagt ja til ved å ta imot han.
Wednesday, August 29, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment