Monday, November 20, 2006



Dette er altsaa eit bilete fraa Cuenca, byen me har vore i i akkurat tre veker og to dagar.
Tidsbegrepet har forandra seg litt her. Det kjennest ut som om me har vore borte fraa Norge kjemepelenge, men samtidig saa har tida her gaatt fort. Det er saa utruleg mange inntrykk at det gaar ikkje an aa beskrive alle. Dessutan er det noko begrensa kva ein faar vist bilete av naar ein ikkje har digitalkamera. Saa dei bileta eg faar sett inn no er berre bilete som eg faar tak i paa internett.



Dette er eit vanleg dagleg bilete i gatene her i Cuenca. Chola Cuencana blir dei nasjonale kalla, indianerdamene her i Cuenca. Alle har skjoert i fine farger, raudt, rosa, blaatt, lilla, ja, alle livlege farger du kan tenke deg. Og alle skjoerta har fine border. Kor breie bordene er viser visst kor velstaande du er.

Elles er livet her i Ecuador ganske slitsomt. Hadde aldri forestilt meg at du kan bli saa trott berre av aa prate og hoeyre eit nytt spraak heile tida. Sjeolv om eg nyt det, og merkar at det gaar framover med spraaket, saa blir eg likevel sliten.
- mamma, du ville bli heilt overraska over doegnrytma mi her, til sengs i halv ti-tida, og opp i seks-tida!!-

Haapar paa litt meir regelmessige oppdateringar fraa no av, og kanskje med litt meir personlege bilete:P