Thursday, February 01, 2007

Fra vesle Cañar til Quito




Litt overgang eller? No har me budd i Cañar i to maanadar, og Cañar er ikkje akkurat verdas navle. Kosleg liten by med landsbygd rundt og smaa koslege indianarfolk rundt omkring. I tillegg jobba jo Ann Kristin og eg paa Tambo-skulen som er ei skule for indianarungar...er berre dei skjoennast ungane nokonsinne, men lopper i rumpa har dei:P
Saa flytta me til Quito paa laurdag som er ein storby (hovudstaden) paa litt over 1 mill. Det er nesten som om me ikkje er i Ecuador lenger, kunne nesten ha vore ein by i Europa...vel...nesten...

Her har me:
-Byrja aa jobba i barnehage som eigentleg er foerskule, men foerskule her vil sei det sam som skule for alle dei smaa ungane skal laera aa lesa og laera seg tala, til og med engelsk skal dei laera.
-Vore i verdas navle "Mitad del Mundo" og staatt paa den nordlege og soerlege halvkule samtidig!!

-Nesten svidd av oss rumpa paa busstur fordi einaste ledige plass var oppaa motoren.
-Oppdaga paa nyheitene at det er opptog i byen fordi folk proevar aa storme regjeringa.
-Difor óg funne ut kvifor taxiane har koeyrt omveg til jobb dei to siste dagane.
-Faatt saavidt opplevd taaregass (seiv litt inn gjennom bilvindauget i dag daa me koeyrde forbi regjeringsbygget), men det var saa lite at det framkalla ikkje saa mange taarer. Berre litt artig aa ha opplevd det.
-Moett fleire nordmenn heilt tilfeldig, som hadde opplevd at ein heil familie paa 15 her nede hadde vorte frelst gjennom boen.