Thursday, June 19, 2008

Sigrid

Veit ikkje heilt kva eg skal skrive..alt er så tomt..
Ferien begynte med ein 'roadtrip' til Nord-norge saman med Hanna, Siri og Randi Helen, og dei fyrste fire dagane hadde me det veldig fint. Køyrte gjennom dei svenske skogane, besøkte Juhls sølvsmie i Kautokeino, fekk sett helleristningar i Alta før me møtte Jostein, Roar, Torill-June og Marius og sov i lavo med dei og var på Nordkapp med dei.
Men så tok den fine ferien ei heilt anna vending..

Ann Kristin ringte og fortalde om ei bilulykke i Nordland. Sigrid var tatt bort frå oss. Vår kjære, kjære Sigrid! Eg kan ikkje forstå det. De skulle på 'roadtrip' til Nord-norge akkurat som oss og ha det så gøy...
Det er så tomt no..eit stort tomrom som ingen andre kan fylle. Eg hugsar alle dei gode minna frå Ecuador og GUS, og kan berre ikkje tru at det er sant..men det er jo det..me kan aldri meir ha ei heil teamsamling, eg kan aldri meir ringe deg eller besøke deg..eller høyre den sprudlande latteren din. Du spreidde så mykje glede!
Må berre tenke på at du har det godt no, at Far passar på deg hos seg. Men det er like ubegripeleg fordet.
Saknar deg, Sigrid! Du kjem aldri til å bli gløymd, var så utruleg glad i deg!