Thursday, October 25, 2007

Så etter ein del masing frå min kjære sambuar Mette, har eg funne ut at det kanskje er på tide å oppdatera bloggen. Er ikkje akkurat lite å finna på som student, så har ikkje sett bloggen øvst på to-do-lista..
No har eg altså budd sånn ca. to månedar i Kristiansand som er ein liten, men veldig kosleg by og eg trivst kjempegodt:) Sidan det er ein såpass liten by så pregar studentane byen og det er ikkje vanskeleg å bli kjend me folk akkurat..
Me er berre 14 på studiet mitt (oversetting og interkulturell kommunikasjon - for den som ikkje har fått med seg det), og me har vorte ein gjeng der som heng mykje saman. I tillegg har eg blitt med i Laget, og der òg er me ein gjeng som finn på mykje rart, utruleg herlege folk! Det er sånn no at eg faktisk kunne tenkt meg å berre vera her ei stund, men må jo til England (eller eit engelsktalande land) til neste år, så har ikkje stort anna val enn at eg må flytte på meg..men eg kjem sterkt tilbake om to år! Men hallo..eg har jo framleis åtte månadar att(!) så treng ikkje begynne å sjå mot neste år enno..
Har òg klart å involvere meg i Kristiansand Brass Band som er eit korps litt over min standard. Etter å ikkje ha spelt i ensemble på fire år så har eg kanskje sikta litt høgt, trur ikkje heilt eg visst kva eg bega meg ut på då eg begynte der. Om halvanna veke (2.-4.november) skal me på Siddis i Stavanger og stiller i 1.divisjon, noko som er ganske skummelt med tanke på at eg aldri har vore med på konkurranse før i det heile tatt. I februar skal me til NM, men me får sjå om eg held ut så langt. Kjem kanskje litt an på resultatet av neste helg:P
No vart ikkje dette ei oppramsing av alt eg gjer, men det er ikkje noko problem å få tida til å gå i alle fall:)
Og som den flinke student eg er (eller prøver å vera) så er det kanskje på tide å begynne på neste innlevering...