Sunday, October 22, 2006

No nærmar verden seg fort...


Tok til med pakkinga i dag, og det har faktisk gått opp for meg at...shit!!! me reiser om under ei veke!!! Kjendte det på fredag då me køyrde forbi Gardermoen på veg mot praksisen på Schmukk på Sørumsand... Kjende det suget i maget som du får når du tek ein ekstra rask berg-og dalbane... det suget som kjem når du er på veg nedover, rett før du når botten. Men det var ikkje eit gruelses-sug, men eit gledes-sug:D
Då me køyrde til GUS i august var det nesten litt rart å ikkje ta fly til skulen...det har jo nesten vorte ein vane...Men no skal eg endeleg få sita på flyet att. Det er så fredeleg å fly for du veit at du kan ikkje koma nokon annan stad så det er ikkje noko poeng i å stresse, flyet kjem fram når det kjem fram og imens kan du ikkje gjera noko anna enn å slappe av. Jippi!!! Eg gledar meg:)

No comments: