Wednesday, February 27, 2008

Valet i USA og andre merkverdige ting



Tenkte eg skulle skrive eit politisk innlegg om presidentvalet i USA. Eller kanskje ikkje.
Motivasjonen til å skrive på bloggen denne gongen er vel at eg er lei av å skrive essay om presidentvalet i USA og då er alt anna betre, men så mykje politiske synspunkt vert det ikkje denne gongen heller. Som de kanskje ser så skriv eg denne gongen på norsk, noko som er grunna at folk kanskje blir lei av å berre lesa engelsk, dersom nokon les bloggen i det heile. Eg likar å tru at eg har mange internasjonale venner som les bloggen og at det difor er lurt å skrive på engelsk, men eg tvilar i grunn på at det er noko særleg mange som gidd å sjå det eg tenker på. So time to write in Norwegian, det er tross alt det eg er best på.

Veit ikkje heilt kva eg skal skrive denne gongen for alt som skjer går i ein rundgang, eg står opp, går på skule, les, et middag og så er det anten korps, cellegruppe, pubquiz, Salem eller venner. Det som er nytt då er at eg har slutta i KBB (det eine korpset) og begynt i Blæsen som er studentkorpset på UiA. Blæsen er mest for moro så det er ikkje like seriøst som KBB, noko som nok opp veldig mykje tid. Eg hadde bestemt meg for å halde fram der, men så fekk eg det plutseleg for meg at, nei, eg skal ikkje fortsette, dersom eg gjer det kjem eg til å slite meg ut. På cellegruppa har me prata om tilskyndelsar - det at Gud kan sei noko til deg - og det trur eg faktisk den tanken var. Eg vart i alle fall utruleg letta etter at eg endeleg hadde tatt den avgjersla.

Men eg må vel koma meg tilbake til primaries og caucuses og electoral college. Det som er positivt no er at eg faktisk forstår kva electoral college inneber. Eg har jo tidlegare budd i USA, og eg var der då presidentvalet i 2004 gjekk føre seg og såg statane på storskjermen som vart blåe og raude etter kvart som kvar stat hadde fått svara på the popular vote. Men om eg skjønte the electoral college systemet? Nei, absolutt ikkje. Men no gjer eg det:) Så no er eg klar til å reise tilbake og følgje med på presidentvalet til hausten og faktisk kunne delta i debattane, for no forstår eg det.

Det gjekk plutseleg opp for meg at det faktisk er ei moglegheit for at eg er der borte då, men eg kan nesten ikkje skrive noko meir om det no sidan saker og ting er veldig usikre. Men eg ser fram til å kunne få klargjort litt om hausten.

No comments: