Sunday, November 25, 2007

Pustepause

I dag har eg bestemt meg for ein ting. Frå no av skal eg i alle fall ha ein kveld i veka for meg sjølv til å kvile, ein kveld der eg berre kan vera åleine med meg sjølv utan mas og mykje lyd, berre vera åleine med Gud.

I går bestemte eg meg for å avlysa alle planer for kvelden og berre vera heime, noko eg ikkje kan hugsa sist gong skjedde. Det var då det gjekk opp for meg at no er det sanneleg på tide å roe ned, når eg ikkje ein gong kan hugse å ha vore heime ein kveld. Det er kjekt å ha mykje å finne på, men det går ikkje i lengda. Når ein innser at ein ikkje får tid til å ta klesvasken eller andre daglegdagse ting som ein må få gjort, då er det kanskje nok..? Og i går då eg sat åleine innsåg eg at eg faktisk var litt sliten. Det er ikkje før ein set seg ned at ein får tid til å kjenne etter, men no merka eg at det berre var godt å vera heime.

På fredagskveld var eg på q-sport, som er noko ala allidrett driven av Salem der me leikar/gjer ulike sportslige aktivitetar og har det gøy, og i pausa der det til vanleg blir halde andakt vart det opna for all som ville seie noko. Då vart det sagt noko eg har tenkt litt på etterpå, og det er at det er lurt å setja av litt tid kvar dag utan musikk i bakgrunnen, eller radio eller tv, og berre bruke denne vesle stunda til ettertanke og gjerne til å vera saman med Gud.



Han gjev den trøytte kraft,
og den som ingen krefter har,
gjev han stor styrke.
Jes.40,29

No comments: